Den første fireårsplanen frå fylkeskommunen overtek ansvaret for mange riksvegar skal drøftast i Samferdsleutvalet i Hordaland onsdag.

Etter framlegget skal fylkeskassen ut med 5,3 milliardar kroner i denne sektoren, medan fire milliardar kjem frå anna hald, for det meste bompengar.

Bergen Alle bompengane er knytt til investeringar, der fylkeskommunen yter godt og vel 2,3 milliardar kroner. I tillegg betalar fylkeskommunen vel 1,6 milliardar for drift og vedlikehald, og 1,3 milliardar for ferjedrift.

Bergensprogrammet vil sluka 898 millionar kroner. I tillegg vil ein prøva å dra 100 millionar ut av Staten til Busstasjonen.

Jondal Igangsette prosjekt skal fullførast for 781 millionar kroner, av dette 529 millionar til Jondalstunnelen og 112 millionar på Osterøy.

Fem nye prosjekt skal setjast i gang; Kvammapakken, Bømlopakken, Jensanesvegen på Stord, Storskaret – Arefjordpollen i Fjell og Grindavoll – Lepsøy i Os. Her spanderer fylkeskommunen 133 millionar kroner, medan bilistane yter sin skjerv bompengelån på meir enn 600 millionar i kroner i dei to «pakkane».

Forskottering Planen opnar også for igangsetjing av tunnel bak Tysse i Samnanger, men på avbetaling. 100 millionar skal forskotterast for å få tunnelen bygd, med refusjon etter 2013.

Slike ordningar er Hordaland fylkeskommune slett ikkje ukjend med. 158 millionar kroner går i fireårsperioden med til å betala for gammal moro, vegar som for lengst er bygde for pengar som er forskottert av utolmodige. Etter avtalen må fylkeskommunen no ut med pengane.

Krisepengar 100 millionar kroner frå tiltakspakken etter finanskrisa skal brukast på ei rekke vegprosjekt, det meste i 2012 men nokre få anlegg vert ikkje ferdige før i 2013.

Nær 300 millionar kroner er sett av til sekkepostane kollektivtrafikk, trafikksikring, gang— og sykkelvegar, miljøtiltak, mindre utbetringar og planlegging.