Sogn og Fjordane fylkeskommune vil yte eit investeringstilskot på 15 millionar kroner, dersom Elkem-konsernet vel å satse på Svelgen når dei startar industriell produksjon av råvarer til solcellepanel. Tilskotet skal gjevast frå midlane Sogn og Fjordane disponerer gjennom Innovasjon Norge.

Milliontilskotet er berre ein del av ein omfattande tiltakspakke som i sum utgjer fleire titals millionar kroner. Mellom anna skal Elkem få tilgang til store mengder billeg konsesjonskraft. Frå kompensasjonsordninga for bortfall av den differensierte arbeidsgjevaravgifta er det stilt ti millionar til rådvelde. Bremanger kommune skal stå for tilrettelegging og infrastruktur. I tillegg er det også aktuelt å yte økonomisk tilskot for å rekruttere og lære opp medarbeidarar.

Ny teknologi

Det er selskapet Elkem Solar som har utvikla ein spesiell teknologi for å framstille råstoff til solcelleindustrien. Teknologien går ut på å reinse silisium, som alt blir produsert ved Elkems smelteverk i Svelgen, og bruke stoffet i produksjonen av solcellepanel. Teknologi har blitt karakterisert som svært framtidsretta i ei tid då fornybar solenergi er venta å fylle ein del av det veksande gapet mellom etterspurnad og tilbod på energi.

Industrikonsernet vil no starte industriell produksjon av råstoffet. Kampen om å få det som i framtida kan bli svært mange arbeidsplassar, står mellom Svelgen, Kristiansand og ein stad i utlandet.

Bergens Tidende fekk ikkje kontakt med leiinga i Elkem Solar i går, men administrerande direktør Erik Løkke-Øwre har tidlegare sagt at selskapet skal ta stilling til solcellesatsinga før sommarferien. Han har også signalisert at dei vurderer tre alternativ for lokalisering: Alt til Elkem i Kristiansand, ei delt løysing mellom sørlandsbyen og Svelgen eller ei delt løysing mellom Kristiansand og utlandet.

Reinse silisium

Teknologien inneber ein industriell prosess i fleire steg, og det er dette som gjer at det kan bli aktuelt med delt produksjon. Dersom første fase av prosessen blir lagt til Kristiansand og andre del til Svelgen, kan det bli investeringar på rundt ein halv milliard kroner i sunnfjordbygda. Direkte i produksjonen kan det bli snakk om 80 arbeidsplassar. I tillegg kjem titals arbeidsplassar i ulike støttefunksjonar.

Ei slik satsing vil vere svært kjærkomen for ein av dei aller største fråflyttingskommunane i Sogn og Fjordane.

Ikkje minst har Elkem redusert kraftig i talet på tilsette ved smelteverket i kommunesenteret Svelgen. Medan verket rundt 1980 hadde 550 tilsette, er det no totalt kring 250 arbeidsplassar.

Tiltakspakken skal handsamast av fylkestinget i Sogn og Fjordane på møtet i juni.