Landbruks— og matdepartementet kjem til å løyve minimum 3 millionar kroner til kulturlandskapstiltak i Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. I tillegg har Kommunal- og regionaldepartementet sagt at dei vil setje av 1,2 millionar. No trur leiaren av verdsarvrådet for vestnorsk fjordlandskap at staten vil finne dei 10,5 millionane som er nødvendige første året.

— Tilbakemeldingane frå staten har vore gode, og dei har kome raskt. Vi føler vi har ei veldig god sak, seier rådsleiar Arne Sandnes, som til dagleg er ordførar i Norddal kommune på Sunnmøre.

Planen er at eit spleiselag mellom fem departement skal finansiere tiltaka i kulturlandskapet. I tillegg til Landbruk- og Kommunal-, er det Nærings-, Kultur- og Miljøverndepartementet.

Kulturlandbruk

BT har denne veka skrive om tiltaka rådet meiner må setjast i verk for å berge kulturlandskapet i dei to fjordområda. Attgroinga er i full gang, i hovudsak fordi landbruket har blitt sterkt nedbygt dei siste 20 åra. Dersom det ikkje blir sett inn tiltak raskt, vil det særmerkte fjordlandskapet med strand- og høgdegardar gå tapt.

I ein rapport verdsarvrådet har fått utarbeidd, blir det skissert ei rekkje tiltak som årleg vil koste i overkant av 10 millionar kroner. Hovudtanken er å betre økonomien til gardbrukarane i området.

Rapporten lanserer nyordet kulturlandbruk. For i praksis vil bøndene bli like mykje statstilsette landskapspleiarar som matprodusentar. Pengane skal brukast på arealbidrag til grunneigarane, støtte for å få opp talet på små- og storfe, ekstra investeringsstøtte for å få bygt nye fjøs på gardane og spesielle tilskot for å ta vare på særmerkte biotopar eller bygningar.

Småskala

— Både denne rapporten og andre tidlegare undersøkingar har synt at skal vi ta vare på det vestlandske kulturlandskapet, må vi oppretthalde småskala jordbruket. Store samdrifter eller store einsidige bruk nyttar ikkje. Grunnen er at kulturlandskapet er så variert, seier Sandnes.

— Kor sikre er verdsarvrådet på at bøndene vil halde fram med drifta om dei får betre betalt?

— Dette har vi undersøkt ganske grundig. I Geiranger-området har vi intervjua så godt som alle grunneigarane. Svara er at dei helst vil halde fram med å drive gardane, men at økonomien er så dårleg at det ikkje er forsvarleg. Vi meiner situasjonen er den same i Nærøyfjorden, og at samfunnet ved å auke inntekta kan skape grunnlag for vidare satsing og få tilbake i drift nokre av bruka som er lagt ned siste tiåra.

I verdsarvområdet rundt Nærøyfjorden er berre 15 av 56 gardsbruk i drift. På Sunnmøre er det endå verre. Dei sju bruka som framleis er i drift i Geirangerfjorden, kan alle bli lagt ned om kort tid.

Store ambisjonar

Arne Sandnes understrekar at då dei to fjordane fekk verdarvstatus, tok den norske staten samstundes på seg oppgåva om å verne om dei. Og det vernet omfattar ikkje berre fjordane, fossane og dei høge fjella:

— Unesco understrekar nettopp at spora etter folk og dyr i dette området er ein viktig del av denne verdsarven.

Leiaren i den lokale verdsarvkomiteen legg ikkje skjul på at dei har store ambisjonar med kulturlandskapsprosjektet i Sogn og på Sunnmøre.

— Eg trur vi gjennom dette prosjektet skal vise at det har noko for seg å ta vare på kulturlandskapet. Ikkje minst trur vi reiselivsnæringa skal få merke at det er positivt. Og greier vi det, er det mitt håp at liknande tiltak kan kome i område utanom dei som blir omfatta av verdsarven.

MILLIONTILTAK: Dersom det ikkje blir sett inn tiltak raskt, vil det særmerkte fjordlandskapet med strand- og høgdegardar i Nærøyfjorden gå tapt. I ein rapport verdsarvrådet har fått utarbeidd, blir det skissert ei rekkje tiltak. Hovudtanken er å betre økonomien til gardbrukarane i området. ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ
Lillebø, Jan M.