I går vart dei tilsette ved fôrfabrikken orienterte om moderniseringa og utvidinga av anlegget.

Investeringa omfattar to nye produksjonsliner. Den eine skal bli ei spesiallinje for å lage fôr til setjefisk.

— Vi gjer dette fordi vi meiner behovet vil auke i åra framover, seier informasjonssjef Øyvind Risnes.

- Rom for vekst

— Men siste året har veksten i oppdrettsnæringa stoppa. Dette må jo også påverke marknaden for fiskefôr?

— Det er rett at det i fjor var beskjeden auke. Vi meiner likevel at det er rom for vekst i åra framover, og meiner den vil komme.

Byggjearbeida skal starte til hausten. Målet er at utvidinga skal vere ferdig til høgsesongen for fôrleveransar sommaren 2004. EWOS har kring 100 tilsette i Florø, av dei 80 på fôrfabrikken.

— I samband med utvidinga gjennomfører vi også ei modernisering og effektivisering av anlegget. Talet på tilsette kjem difor til å liggje på omtrent same nivå som i dag, opplyser informasjonssjefen.

Store investeringar

Etter at selskapet etablerte seg i Florø i 1988 har dei investert over 450 millionar kroner i anlegget. EWOS er landets leiande produsent av fôr til oppdrettsnæringa, og har ein marknadsdel på over 40 prosent.

I tillegg til den planlagde storinvesteringa i Florø arbeidar EWOS med planar om å byggje ein ny stor fabrikk til bortimot 400 millionar i Midt-Norge. Første byggjesteg skal etter planane vere i drift i 2006 eller 2007. Fleire kommunar på Nordmøre og i Trøndelag er aktuell lokaliseringsstader. Avgjerda om kvar fabrikken skal plasserast blir truleg tatt neste veke.