Leiaren for styringsgruppa, tidlegare ordførar i Vik, Erling Stadheim, var oppglødd då han forlet Fylkeshuset i Bergen i går ettermiddag. Samferdselsutvalet hadde samrøystes gått inn for kostnadsrekning av begge alternativa, og gjennomføring av den lengste tunnelen, så sant han kan finansierast innan rimeleg tid. I motsett fall, går dei inn for den korte.

— Eg er optimistisk. No trur eg det går, berre Sogn og Fjordane gjer eit tilsvarande vedtak, seier Stadheim til Bergens Tidende.

— Men vi har ein utruleg tøff jobb å gjera med finansieringa, legg han kjapt til.

Vik kommune har gitt tilsegn om heile 150 millionar kroner i tilskot, fordelt ut over bompengeperioden, og bompengesatsen kan neppe bli meir enn 25-30 kroner for liten bil, elles får han avvisingseffekt.

— Den store testen blir om Sogn og Fjordane vil spandera konsesjonskraftpengar på prosjektet, slik Hordaland har gjort andsynes Hardangerbrua og Folgefonntunnelen, seier Stadheim.

Han viser til at store inntekter, skapt i Vik, går rett inn i fylkeskassa. I Hordaland har ein del av desse pengane kome til nytte i dei regionane verdiane er skapt.

Arnafjord bygdelag, attmed Framfjord, har annonsert at dei vil melda overgang til Hordaland dersom det ikkje blir lang tunnel med sidegrein til Framfjorddalen.

Den lange tunnelen får høgste punktet i tunnelenden på vossesida, ved stølen Hola 610 meter over havet, om lag jamhøgt med Voss Fjellandsby lengre nede i Myrkdalen. Lågaste punktet vert ved avgreininga til Framfjord. Tverrslaget gjer det mogeleg å driva hovudtunnelen frå fire stuffar.

Den korte tunnelen stig frå Hola til Hestavollen og er ute i høgfjellsvinteren 950 meter over havet til Storehaugtunnelen. Derifrå går det unnabakke på noverande veg til Vik.