Dei bryt opp etter ti år i Nederland, og går frå databransjen og tilbake til ei næring dei begge har erfaring frå tidlegare. Paret seier til lokalavisa Grannar at dei vil satsa på utradisjonell drift ettersom Skånevik er blitt meir avsidesliggjande som følgje av Trekantsambandet og Folgefonntunnelen.

Hordaland Havbruk Holding ved Endre Rundhovde overtok hotellet i fjor haust, og har sidan drive med minimumsbemanning på fire personar. Resten av dei tolv tilsette har vore permitterte.