ERLEND SPURKELAND (tekst og foto)

Ein gong budde det over 30 menneske på den 2,5 km lange og 0,4 km breie øya, som høyrde til tidlegare Herdla kommune. Fire bruk var der. Alle kjende alle; dei dar oppe, dei dar nere, dei sør og dei nord. Folket overlevde på jordbruk og fiske. Rutebåten stakk innom etter behov.

Men ressursane var knappe. Torvmyrane gjekk tomme, trea var hogde ned. Til og med stein til grunnmurar og steingardar måtte hentast på Askøy og roast heim. Her som i andre utkantgrender gjekk folketalet tilbake. Folk flytta. På åttitalet var det ingen heilårs fastbuande igjen. Sakte tok naturen over bøar og utmark igjen.

Gamal draum

— Eg har vore på Ypsøy kvar sommar sidan gutedagane. Her høyrer eg til, seier Vigleik Ypsøy.

Borna Miriam (8) og Mathilde (13) går på Rossland skule. Frå Ypsøy går det ingen skuleskyss, så Vigleik og Monica fraktar ungane sjølve. Med velsigning og betaling frå HSD. Mathilde synest ikkje «skulevegen» er noko å snakka om:

— Eg vert berre meir vaken til skuleinnsats etter fem-seks minutt i nordavind og sjøskvett!

På fritida brukar Mathilde den 15 fot store plastbåten åleine til og frå fotballtrening og vener inne på fastlandet.

Sommarparadis

På Ypsøy fins det ingen vegar, berre mjuke stiar i graset. Innimellom svaberga ligg lune oasar med frukttre og grøne marker, naust og sjøhus, hytter med rosebuskar og kvitmala hagemøblar. Her er idyll med smak av barndommens «Vi på Saltkråkan».

Vigleik er lommekjent vegvisar, og peikar og fortel. Om fortid, notid og framtid. Kor «farbror Melker» har sommarhuset sitt. Turen går nordover øya. I utmarka har han laga stiar og sett opp skilt med lokale namn, rissa inn på gråslitt drivved.

I vinterhalvåret har Ypsøy-familien adresse Stanghelle.Men frå påskeferie til haustferie bur dei på Ypsøy og leigar ut «vinterhuset» til tyskarar. Slik har det vore dei siste ti-tolv åra. Men no satsar dei på permanent ypsøyliv i nytt hus. Diskret oppe på eit berg med vid horisont og umalt kledning. Dei viser ivrig fram husteikningar og byggjeløyve.

— Men me er ingen «med katt og kanin på landet»-romantikarar slår ekteparet fast. - Me har vore her i mørke og stormfulle vinterdagar også, så me veit kva me går til.

Arbeidsplassar

Ekteparet trur at det er mulig å skapa sine eigne arbeidsplassar på gardsdrift her ute i havgapet.

— At det skal lønna seg økonomisk også, seier Vigleik, som i sitt tidlegare liv mellom anna har jobba i eiga bokhandlarbedrift og vore senterleiar.

— Men det vart for mykje materielt mas. Eg fekk knapt tid til å sjå ungane. No er varemerket «Ypsøy kystgard» etablert, og dei er i gang med å byggja opp ein flokk på 150 villsau.

— Folk betalar gjerne høgare pris når kvaliteten er der, slår Vigleik fast. Hittil har etterspurnaden etter villsaukjøt vore større enn dei greier produsera.

Storslått utsyn

Vigleik ser utover frå Storhaugen nordlegast på Ypsøy. Vinden krafsar i det krøllete håret hans. Landskapet er ope. Ulriken, Eldsfjellet, Askøy, Herdla, Stura, Skjelanger. Og Det Naue, det kritisk smale punktet i seglingsleia til Bergen. Der reiselivsfolk vil ha utsprengingar til mange titals millionar, for at Hansastaden skal kunna ta imot også dei aller største cruiseskipa i verda. Ypsøy berre ristar oppgitt på hovudet.

Han er i staden meir bekymra over dei gode fiskeplassane og vinterområdet til ærfuglane her nord.

Om det er noko dei saknar her ute? Monica og Vigleik stansar og ser forvirra på kvarandre. Tenkjer høgt saman. Ler. Kjem ikkje opp med nokon skikkelege svar. Dei har det bra.

— Men det er viktig å gjera noko med draumane sine, reflekterer Vigleik. Då slepp du i alle fall angra på det du i kkje gjorde!

<b>BÅTVANTE:</b> På veg inn Øpsevågen fra Rossland. I dag er pappa skyssbåtførar. Mathilde (t.v.) brukar båten åleine på fritida. Mens Miriam enno lyt ha skyss av far eller mor.
<b>ØYBONDE:</b> Vigleik får kostnadsfritt nytta heile øya til beiteland. Både byfolk og bygdefolk er glade for at landskapet vert rydda og gamle driftsformer haldne i hevd. Grinda er laga av osp impregnert i sjøvatn. Sett saman med naglar av einer. Men hola er borte med elektrisk drill.
<b>SATSAR:</b> Familien Ypsøy stortrivst og satsar no på ei framtid på øya nordvest i Meland. Dei er mellom anna i gang med å byggja opp ein flokk på 150 villsau. Frå venstre mamma Monica - med husteikningane i handa, pappa Vigleik og døtrene Mathilde (13) og Miriam (8).