Påtalemakta har rekna den 28-årige Sunnfjordmannen som potensielt farleg. Difor vurderte statsadvokat Yngve Johs. Andersen å krevje han underlagt sikring — eller forvaring som det no heiter - i samband med straffesaka som kjem opp i Sunnfjord tingrett i april.

— Grunnlaget er at han tidlegare er dømt for fleire svært grove valdshandlingar, og at det kan vere fare for gjentaking. Men eg kjenner ikkje den konkrete bakgrunnen for at statsadvokaten valde å ikkje krevje forvaring, seier aktor i den kommande straffesaka mot Gorgoroth-vokalisten, politiadvokat Terje Gjertsen.

Ifølgje Gjertsen er 28-åringen under prejudisiell observasjon framfor rettssaka.

Som vokalist, tekstforfattar og frontfigur i Gorgoroth har han tatt kunstnarnamnet «Gaahl». Mannen kjem frå eit småbruk i ein utkant i Sunnfjord, og har framleis si adresse der.

Krev erstatning for skadane

Det var natt til 23. februar i 2002 at Gorgoroth-vokalisten skal ha slått og sparka ein mann i 40-åra gjentekne gonger i hovudet og ansiktet, slik at han ifølgje tiltalen vart påført kutt som måtte syast i hovudet, nasen og munnen. I tillegg fekk mannen skader i tennene og brot på nasebeinet.

Valdsepisoden skal ha skjedd på eit nachspiel heime hjå den tiltalte 28-åringen i Sunnfjord. På dette tidspunktet var 28-åringen tre gonger tidlegare dømt til vilkårslaust fengsel for valdsbruken sin.

Offeret i den nye saka vart innlagt på sjukehus og pådrog seg langtidsskader.

— Etter to år er min klient framleis under medisinsk utgreiing for langtidsskadane, seier offerets bistandsadvokat, Robert Fonn. - Vi vil krevje minst 100.000 kroner i erstatning, men det blir opp til retten å fastsetje summen.

Utsett to gonger

Rettssaka har vore utsett to gonger, og Fonn håpar for klientens del at den no kan komme opp til endeleg avgjerd.

Sin hittil strengaste dom, eitt års fengsel utan vilkår, fekk Gorgoroth-vokalisten etter ein valdsepisode der han skal ha mishandla offeret i timar. 28-åringen vart dømt til å betale han 158.000 kroner i erstatning.

I denne dommen, som er frå 2001, skriv retten at valdsbruken var «særleg rå og brutal, og av eit omfang som gjer at handlinga ikkje har noko forståeleg motiv».

— Lekamsskading resulterer normalt i 90 dagars fengsel. Her fekk han tolv månader pluss ein stor erstatning, noko som viser kor ekstremt grovt dette var, seier politiadvokat Terje Gjertsen, som også har ført saker mot mannen tidlegare.

Satanist-symbol i retten

Sist gong møtte Gorgoroth-vokalisten for retten iført svarte klede og satanist-symbol.

På grunn av dei tidlegare valdsdommane, har tiltalen mot 28-åringen denne gongen ei strafferamme på ni års fengsel. Normal strafferamme for slike lekamskadingar er seks år.

Forsvararen til 28-åringen, advokat Christian Eckhoff, seier til Bergens Tidende at hans klient ikkje er samd i den tiltalevedtaket som no ligg på bordet.

— Han kjem til å bestride den måten gjerningane hans er framstilt på i tiltalen, seier advokaten som ikkje vil kommentere saka ytterlegare.

Bandet Gorgoroth vart stifta i 1992 av folk frå Ytre Sogn og Sunnfjord, og har hatt base i Bergen. Bandet har sidan starten hatt ei rekkje utskiftingar i besetninga.

Vokalisten «Gaahl» kom med i bandet i 1998. Forutan Gorgoroth har «Gaahl» også tre andre prosjekt i same musikalske gate.

Både han og bandet er rekna som store innan black metal, og har turnert både i Europa og Amerika.

GAAHL: Natt til 23. februar i 2002 skal Gorgoroth-vokalisten «Gaahl» ha slått og sparka ein mann i 40-åra gjentekne gonger i hovudet og ansiktet. Offeret er framleis under medisinsk utgreiing for langtidsskadane.