Den ugudelege handlinga blei oppdaga på søndag, men politiet veit ikkje når brotsverket har skjedd.

– Målinga er på sørveggen av kyrkja som vender mot fjorden. Sidan ein ikkje kan sjå det frå vegen er det vanskeleg å vite når det kom, men det må vere i løpet av den siste månaden, fastslår lensmann Egil Husabø i Hyllestad.

Med svart måling har nokon grisa til den nymåla kyrkjeveggen i Sørbøvåg i Sogn og Fjordane.

– Det er rasistiske og blasfemiske symbol som ikkje er så veldig behagelege. Brukarane av kyrkja har reagert og tykkjer det er utriveleg, seier Husabø.

Reagerte med sorg

Håkon Giil er leiar i soknerådet, og reagerte med sorg då han såg kva som hadde hendt.

– Det er sørgjeleg at nokon bruker kyrkja for å gje uttrykk for rasistiske og antireligiøse haldningar, seier Giil.

Han trur det dreiar seg om ungdommeleg dårskap og tankeløyse.

– Vi tykte likevel det var riktig å reagere på det, så får politiet si etterforsking vise om det er ungdommeleg dårskap eller folk som burde ha betre vit som står bak, seier han.

Ønskjer tips

Politiet ber publikum om hjelp til å kome vidare i etterforskinga.

– Vi veit ikkje noko om motiva, og håper publikum kan hjelpe oss, seier lensmannen.

Jostein Ryland
TILGRISA: Øn kyrkje i Hyllestad.
Egil Horne Mikkelsen