Politiet fekk inn melding klokka 22.15 frå ein bilførar om at ein polsk-registrert bil tok heile køyrebana.

Før politipatruljen nådde fram, hadde polakken køyrt i grøfta.

– Der blei han sitjande fast, så det var lett å få fatt i han. Han var svært synleg rusa, seier Svein Roald Vikse, operasjonsleder ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Den polske mannen på 45 var åleine i bilen og ingen kom til skade. Han er no på sjukehuset for å ta blodprøve.