I staden satsar han på lyntog.

Rett nok, det siste har Frankrike gjort i 30 år alt. Og Frankrike er fremst i Europa på utbygging av lyntog; — TGV: Train à Grande Vitesse. Det franske lyntognettet har kome opp i ca. 1840 kilometer. Men i ein tale for nokre dagar sidan, sa Nicolas Sarkozy at dei skal ha minst 2000 kilometer til.

Dette vil overføra mykje persontransport frå dagens «gammaldagse» jernbanenett til lyntoget. Det vil i sin tur gje meir plass til godstransport på jernbana. Innan 2020 vil dette bety to millionar færre trailerar på franske vegar, seier Sarkozy.

Den franske presidenten forkynte dette i ein tale som avrunda fleire veker med arbeid for smi ein ny og meir målretta miljøpolitikk for Frankrike. Deltakarar har vore representantar for regjeringa, for yrkes- og miljøorganisasjonar.

Alle sektorar i samfunnet har vorte saumfare i arbeidet med å finna ein betre miljøpolitikk. I talen knesette Sarkozy to hovudprinsipp.

Miljøkostnaden skal heretter reknast med i planlegginga av alle større offentlege byggjeprosjekt. Det gjeld både kostnad for klima og for biologisk mangfald. Dersom miljøkostnaden for eit prosjekt er for stor, vert det avslag.

Heretter må det ikkje dokumenterast at økologiske løysingar er best. Tvert om. Dei som tilbyr «tradisjonelle» løysingar, må bevisa at det ikkje finst noko brukande alternativ.

— Desse prinsippa skal vi straks setja i verk på transportsektoren. Prioriteten skal heretter ikkje liggja på meir vegutbygging, men på utbygging av andre transportformer, sa Sarkozy.