Blikra drog fram måten måten offerets bh var bretta ned på, og meinte det kunne ha samanheng med at ho hadde vore på veg mot jobb på ein helseinstitusjon.

— Kunne det tenkast at ho sjølv bretta ned bh'en for at den ikkje skulle vise i den kvite helseuniformen? spurde Blikra.

Anne Slåttens bh var bretta ned i overkanten og brysta var delvis blottlagt då ho vart funnen, og Blikra fortalde at andre sjukepleiarar hadde opplyst at dette var vanleg å gjere for at bhen ikkje skulle vise i romslege arbeidsuniformer.

Tom Luka frå Kripos svara ikkje direkte på dette, og kunne heller ikkje svare konkret på Blikras spørsmål om trusene Anne Slåtten hadde på kunne vere bretta ned før av henne sjølv, for at dei ikkje skulle vise i buksa som hadde svært lågt liv.

Kripos fann ingen DNA på beltespenna, glidelås eller buksa hennar.

Trass Blikras spørsmål og innvendingar konkluderte Kripos-betjenten likevel heilt klart, utfrå arbeidet på åstaden og dei tekniske og medisinske undersøkingane:

— Anne Slåtten vart etter all sannsynlegheit kvelt, og drapet skjedde etter all sannsynlegheit der ho vart funnen. Såra på anklane, setepartet og handbakane viser at ho truleg kjempa på ryggen mot ein gjerningsperson som sat eller låg over henne, sa Kripos-etterforskar Tom Luka.