I merknadane til aktors innleiingsforedrag viste Blikra til at kommunelegen som først såg den døde, registrerte dødsflekkar på eine sida av Anne Slåtten.

— Slike flekkar på sida er ikkje foreinlege med at avdøde vart funne liggande på ryggen. Det er eit spørsmål om avdøde kan ha vore flytta etter drapet, sa Blikra.

Politiet meiner drapet skjedde inne i skogholtet ved Angedalsvegen, der Slåtten låg då politiet fann henne dagen etter.

Blikra bad retten vere spesielt merksame også på tre andre spørsmål:

  • Kan det seiast sikkert korleis Anne Slåtten døydde?
  • Kan retten vere sikker på at den tiltalte 42-åringen har vore på staden der Slåtten vart funnen?
  • Er det heilt sikkert at Anne Slåtten gjekk heimefrå og ned Angedalsvegen drapsmorgonen?

Blikra viste til at det er fleire vitne som ikkje har sett korkje avdøde eller tiltalte i det tidsrommet påtalemakta meiner drapet må ha hendt.

Han opna for tre alternative teoriar for DNA-funnet: At det kan vere feil ved DNA-prøvene, at tiltaltes DNA kan vere avsett på Slåtten ein annan plass, eller at det kan ha hamna på drapsofferet først etter at ho var død.

<b>I RETTEN: </b>Aktor Jogeir Nogva og forsvarar Ivar Blikra.
ODDLEIV APNESETH