No har også Hordaland Arbeidarparti fått sin variant av gubbestriden i partiet.

Vel ei veke før årsmøtet i Hordaland Arbeidarparti er det full forvirring rundt valet til eit av dei ledige styreverva i fylkespartiet.

Kaoset og maktspelet som ligg bak, liknar meir på ein pikant såpeopera enn valet til eit framståande lokalt tillitsverv i det som eingong var landets største parti.

Førebels har Solbakken og Kloster trekt seg som styrekandidater. Men samstundes er begge under press for å stilla opp att.

— Eg vil ikkje gå imot ei samla innstilling frå partiet i Kvinnherad og A-utvalet i Sunnhordland, seier Solbakken

Kloster forklarar til BT at han trekkjer seg av likestillingsomsyn.

— Dette får vera mitt bidrag til å bekjempa gubbeveldet i Arbeidarpartiet, seier han til BT.

For likestillinga si skuld

— I ei tid der Arbeidarpartiet slit i motbakke, er det viktig å fremja likestillinga. Og vi middelaldrande menn bør i større grad enn før tre til sides. Særleg bør dette understrekast i tilknyting til kvinnedagen 8. mars, skriv Kvinnherad-ordføraren til valkomiteen i beste Kloster-stil.

Solbakken avviser ovanfor BT at ho har vorte pressa av krinsen rundt Kloster til å trekkja seg som kandidat.

Ho seier at ho ikkje visste at kommunepartiet innstilte Kloster då ho sa ja til å gå inn i styret.

Årsmøtet i Hordaland Arbeidarparti skal vera i Ullensvang til neste helg. Mykje kan skje innan den tid. BT veit at begge kandidatane står under press frå kvar sine fløyar til likevel å stilla til val.

— Kloster er ein dugande politikar. Vi samarbeider godt og eg vil ikkje stilla meg i vegen for han, sa Solbakken i går.

Då visste ho ikkje at Kloster hadde trekt seg.

Etter at BT gjorde ho kjend med Kloster sitt brev i går ettermiddag, held Solbakken fast ved at ho framleis ikkje er å rekna som kandidat.

Men ho vedgår at ho er sterkt oppmoda om på nytt å stilla seg til disposisjon.

— Likestillingsargumentet er berre sludder og vås, seier Sigurd Grytten som er Klosters fanebærar i valkomiteen.

Han har funne fram kalkulatoren og rekna ut at valkomiteen held seg innanfor kvoteringsreglane uansett om det vert Kloster eller Solbakken som vert vald som styremedlem.

— Vel vi Kloster vert det 6-5 til mennene. Trekkjer Solbakken det lengste strået, vert det 6-5 til kvinnene, seier han, og legg til at det er på tide at ein lærer seg å rekna i Arbeidarpartiet.

Valkomiteen skal ha ekstraordinært møte måndag.