Ein maktkamp mellom elevar på eine sida og reinhaldarar og rektor på den andre sida kulminerte denne veka.

60 jenter okkuperte jentedoen med krav om å få utlevert såpe.

Bakgrunnen for såpeoperaen er at nokre elevar har tømd flytande såpe utover golv og i toalett, skriv avisa Kvinnheringen.

Rektor Atle Amundsen meiner saka handlar om prinsipp og å oppdra elevar.