Søndag formiddag har det vore tre trafikkuhell i Sogn og Fjordane, men til alt hell har ingen personar blitt skadd. Politiet åtvarar no mot glatte vegar fleire stader i fylket.

Knekte lyktestolpe

Klokka halv ni var det ein bil med fire vaksne personar, som kjørte av vegen og tok med seg ein lyktestolpe ved Flåm på E39.

Om lag ein time seinare gjekk det gale ved Hagalandet i Sogndal på riksveg 5.

– Ein personbil med tre personar køyrde av vegen og inn i ein fjellveg, for så å bli ståande midt i vegen. Det var ekstremt glatt på staden, seier operasjonsleiar Per Rimmen i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det var to vaksne og eit barn i bilen, men ingen kom til skade.

Bil ned skråning

Også i Nordfjord er det meldt om glatte vegar. På riksveg 614, mellom Svelgen og Isane i Ålfotdalen, var det ein bil som hamna på taket like etter klokka 13.

– Bilen, med to vaksne og eit barn, kjørte av vegen. Køyretøyet ligg på taket cirka to og ein halv meter nedanfor vegen i ein skråning, seier Rimmen.