Fem fat på til saman 5000 liter såpe sklei av ein trailer på E39 ved Bekkjavatnet i Førde onsdag morgon. Traileren var på veg frå Sande mot Førde då han møtte ein varebil i ein sving.

– Varebilen blei treft av lasta frå traileren. Sjåføren av varebilen er sendt til sjukehus, seier operasjonsleiar Olaug Holme i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Politiet kjenner ikkje skadeomfanget, men ifølgje NRK Sogn og Fjordane dreier det seg om lettare skader.

Vegen vart stengt etter ulykka og opna først kokka 10.30. Då hadde det vore manuell dirigering sidan klokka 07.25.

– Brannvesenet har spylt vekk såpa, men det er framleis glatt. Det er det skilta om, seier Holme.