TERJE ULVEDAL

Grunnstøytinga skjedde i ni-tida i dag, då floa var høg. Knapt tre timar seinare drog redningsskøyta frakteskuta av grunnen.

Skuta gjekk mellom to stakar berre 300-400 meter frå kaianlegget i Svelgen. Også tidlegare har det vore fleire grunnstøytingar i dette området, sjølv om det er godt merka.

Båten skulle ikkje gått i området der grunnstøytinga skjedde.

«Sandsund» er heimehøyrande i Bergen, og eigd av selskapet Sandfrakt i Ølen i Hordaland. Det skal ikkje vere fare for lekkasjar, og frakteskuta skal heller ikkje ha fått skader då den gjekk på.