Kommunestyret i Fjaler vedtok for fire år sidan å flytte bysten til Klokkargarden, nokre hundre meter frå ungdomsskulen. Klokkargarden er fødestaden til diktaren, og tusenårsstaden i Fjaler.

Sterke protestar, mellom anna gjennom ein underskriftsaksjon, gjorde at flyttinga aldri blei gjennomført. Og i går snudde altså dei folkevalde. Berre ein av representantane i kommunestyret røysta for å flytte statuen som diktaren i si tid sjølv avduka.

KVA VILLE SANDE TENKT: Jan Ulltang (til venstre) vil flytte bysta av Jakob Sande inn på kommunens nye tusenårsstad. Erling Haugsbø meiner bysta bør stå i fred på plassen der Sande sjølv avduka henne i 1966. Kva diktaren ville sagt om saka, får dei to aldri svar på.
Malin Engen Haugland (Arkiv)