– Det er viktig å trekkje seg før det er for seint. Eg har vore med på mykje, og meiner eg har gjort mi teneste som folkevald, seier han til Firdaposten.

Florøværingen er leiar for den tunge finanskomiteen. Sandal har også ei fortid som statsråd, på 90-talet var han kyrkje-, undervisnings— og forskingsminister i regjeringane til Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland.

Reidar Sandal har siste perioden blitt omstridd, mellom anna fordi han har fronta standpunkt i sjukehussaka som har vore i strid med haldningane til fleirtalet i Sogn og Fjordane Ap. Når han forlet Løvebakken etter valet neste haust, har Sandal vore stortingsrepresentant i 16 år.

SCANPIX