— Det er heilt forferdeleg å vita at vi har gått rundt med bøsser på gale premissar. Enkelte har hatt vondt for å sova etter at vi las i Bergens Tidende at pengane vi samla inn, ikkje kjem kreftsjuke barn best mogeleg til nytte likevel, seier leiaren for taekwon-do-gruppa i Strandebarm, Janne Hoff, til Bergens Tidende.

På eit allmøte har born og vaksne i gruppa bestemt seg for å gje klubben sin del av innsamla pengar til Støtteforeningen for kreftsyke barn (SKB).

Klubben i Strandebarn var blant dei som fekk tilbod om å samla inn pengar til aksjonen, mot å kunne behalda 25 prosent sjølve. 75 prosent er alt sendt til aksjonsleiinga, og no vil dei gje resten til SKR.

— Det får ikkje hjelpa at vi står tomhendte att. Dette er noko som vi sterkt ønskjer å gjera, sjølv om SKB har forsikra oss om at vi kan behalda pengane, seier Hoff.

Ho fortel at tilbodet var tillokkande. Her kunne ein hjelpa kreftsjuke born samstundes som ein fekk pengar til ei slunken klubbkasse. Formålet passa godt inn i filosofien deira.

— Taekwon-do er ikkje berre slag og spark, men også oppbygging av mennesket som høflege og ærlege med omtanke og respekt. Under mottoet born hjelper born var det lett å samla inn pengar.

Aksjonen i Strandebarm gav 23.272 kroner, derav 5818 til innsamlarane. Denne summen vert no gitt til SKB.