Årets kyrkjeval har blitt ein kamp for eller mot kyrkjeleg homovigsel. Ein gjennomgang utført av Nordisk nettverk for ekteskapet viser at det store fleirtalet av kandidatane til Kyrkjemøtet er mot kyrkjeleg vigsel av homofile. Av dei spurte kandidatane seier 160 at dei vil behalde dagens vigselsliturgi, medan berre 47 går inn for kjønnsnøytrale ekteskap.

I Bjørgvin bispedømme er biletet heilt eintydig. Ingen av kandidatane vil at kyrkja skal vie homofile par. 19 svara klart nei, medan dei resterande ikkje har svart eller ikkje ønskjer å ta stilling. Ingen har sagt ja.

Veljarar som er for felles ekteskapslov, står dermed utan kandidatar ved valet. Dette er spesielt for Bjørgvin og Møre bispedøme. Ei kartlegging BT har utført viser også at berre fire av 23 kandidatar meiner at Bjørgvin bør tilsetje homofile prestar.

Møt alle kandidatane her!

For eller mot homovigsel

Nokre dagar før kyrkjevalet er det steile frontar, til tross for at dei færraste bryr seg om det historiske valet. Kampen står mellom dei som er for eller mot den nye ekteskapslova, og begge grupperingane driv kvar sin intensive valkamp.

Foreininga Foreldrenett.no har brukt 100.000 kroner på å annonsere i kristne aviser dei siste vekene. Gjennom ei heilside oppfordrar dei andre til å stemme på utvalde kandidatar. Fellesnemnaren er at representantane er mot homofil vigsel i kyrkja.

— Dette er informasjon til folk som vil stemme på menneske ein stoler på at vil stå på for at ekteskapet er mellom mann og kvinne, seier leiar i foreininga, Øystein Åsen.

I Bjørgvin bispedømme har dei valt ut åtte personar basert på ideologisk ståstad.

- Kvifor er dette så viktig for dykk?

— Dette er ei sak som går heilt i røtene på bibeltro kristne. Viss kyrkja nærmast blir overteken av ideologien til ei lita gruppe aktivistar som har vore særdeles dyktige til å fremje sine idear, så rasar ein viktig fundamental skanse i kyrkja, seier Åsen.

- Synd utan reelt alternativ

Gruppa han refererer til er blant anna Åpen kyrkjegruppe, som gjennom Facebook og utsendingar av e-post, fremjar sine motkandidatar. Dei får støtte av Norges Kristelige Studentforbund, og Facebook-gruppa «Kirkevalget - stem på kandidater for den nye ekteskapsloven» er no oppe i 750 medlemmar. I Bjørgvin tilrår dei tre kandidatar, trass i at ingen har sagt at dei ønskjer ny, kjønnsnøytral liturgi.

— Det er synd at ingen står fram og seier at dei ønskjer ei endring på dette. Vi hadde håpa at fleire av kandidatane var tydelegare, slik det er i dei fleste andre bispedømme. Det er veldig synd at ein ikkje har eit reelt alternativ i Bjørgvin, seier styreleiar Gard Realf Sandaker-Nielsen i Åpen kyrkjegruppe for lesbiske og homofile.

— Dei tre kandidatane vi tilrår er dei mest nyanserte. Det er viktig med bispedømmeråd og Kyrkjemøte som vil tilsetje homofile i prestetenesta, og vi trur at desse vil bidra til endring på ein god måte, seier Sandaker-Nielsen.

Les meir om kandidatane på kyrkja sine nettsider.

— Homosak er lett forståeleg

Ulla Schmidt, forskar ved Stiftelsen Kirkeforskning (KIFO) stadfestar at homofile spørsmål har blitt viktig i valet.

— Dette har blitt eit viktig spørsmål som kandidatane blir profilerte i forhold til, meir enn dei sjølv profilerer seg gjennom det. Årsaka er det er lett forståeleg for allmenta, det er vanskelegare for den breie velgarskare å ta stilling til breiare spørsmål, til dømes om kyrkjas strategi i framtida.

Forskaren er likevel usikker på om denne polariseringa av veljarmassen vil føre til at fleire medlemmar brukar stemmeretten sin. Ettersom Bjørgvin bispedømeråd er utan kandidatar med eit positivt syn på giftarmål for homofile, trur ho valet kan bli mindre attraktivt for enkelte.

— Dei som meiner at dette er ei viktig og avgjerande sak, vil oppleve at lista er for smalt samansett til at dei finn nokon dei tykkjer dei kan støtte. Men det er litt for seint å kome og klage over samansetjing av lista no, påpeiker Schmidt.

Kalla rasist på e-post

Begge partane i striden er samde i at årets kyrkjeval er blitt eit homoval.

— Det er viktig å få inn kandidatar som vil inkludere homofile og lesbiske i kyrkja. Dei som mobiliserer for det andre synet jobbar for det motsette. Vi kjemper for vår rett til å vere med, og opplever at mange tykkjer dette er viktig. Det blir eit verdival, seier Sandaker-Nielsen.

Åsen seier han har fått mykje kjeft på e-post, og at han mellom anna har blitt stempla som rasist på grunn av sitt syn.

— Det er eit veldig press på å vere politisk korrekt i Norge, og mange er redde for å gje uttrykk for kva dei står for. Men for oss er dette ei sak som går så fundamentalt djupt. Om Den Norske Kyrkja skulle velje å innføre vigsel av homofile, blir vi internasjonalt sett på som ei sekt, seier Åsen.

Skal du stemme ved kyrkjevalet, og kva sak blir avgjerande for deg? Sei di meining.