— Eg dreiv attføring på den gamle måten. Det vil seie at vi sat inne i ei bygning og laga ting, seier han.

Solheimsnes la om.

Den mekaniske verkstaden og kantinedrifta held framleis hus på Radøy. Men tyngdepunktet er i dag avdelinga «Back to business» i Eidsvåg.

Så lenge verksemda berre dreiv frå Radøy kunne den tilby dei som gjekk på attføring berre to alternativ, jobb i kantine eller jobb i mekanisk industri.

For snevert meinte Solheimsnes. No spelar han på heile næringslivet i store deler av Hordaland. I Eidsvågen får folk kartlagt kunnskap og evner og bygt opp sjølvtillit. Jobbtrening får dei ute i næringslivet. For mange er det også vegen over i fast jobb.

Tove Berg (53) og Jan Georg Klausen (58) er i ferd med å jobbe seg inn hos fysioterapeut Terje Toft.

Berg held orden i resepsjonen og er i heil stilling, Klausen går i halv stilling og held orden på datasystema og samordnar dagen slik at fysioterapeutane kan konsentrere seg om å behandle og ikkje administrere.

— Lykka har vore «Back to business», seier Tove Berg.

Då ho vart sjuk såg hos svart på sjansen til å kome seg i arbeid att. Men NAV kopla henne raskt til «Back to business» og Berg var ikkje ute av arbeidslivet meir enn eitt år.

Klausen gjekk fem år ledig og fekk verkeleg prøve at det ikkje var lett å kome inn att for ein mann i hans alder. Søknad etter søknad vart sendt. Klausen fekk knapt nok svar.

— Eg er sjeleglad eg har fått den sjansen eg har fått no, seier Klausen.