Det fortel stortingsrepresentant Hilde Magnusson Lydvo.

Også dei to andre regjeringspartia har gruppemøte på desse to samferdslesakene i dag.

Senterpartiet har gått inn for Hardangerbrua heilt sidan dåverande samferdsleminister J. J. Jacobsen ved opninga av Vallaviktunnelen uttalte: "Har du klave så får du ku. Har du tunnel så får du bru".

I SV har det vore motstand mot bruprosjektet, men sidan regjeringa ikkje drog attende Bondevik-regjeringa sin proposisjon, er det grunn til å tru at SV la brumotstanden til side under Soria Moria-tingingane. Difor er det sansar for at bruvedtaket vert samrøystes i Stortinget 28. februar, eller at det berre blir nokre få som markerer motstanden ved å røysta mot.