ARNE HOFSETH

Den tidlegare livlegen til Mor Teresa er komen frå Calcutta. Her er legar frå Singapore, Kuwait, Iran, fleire frå Tyskland, England, Danmark, Sverige og Slovenia. Rundt 20 i talet fyljer dei prosedyrane på den høgt spesialiserte sjukehusavdelinga i det tidlegare internatet på Rogne vidaregåande skule, tett attmed Voss sjukehus. Etter lunsj er det faglege diskusjonar om emnet.

Naseoperasjon

I går fekk legane også med seg ein naseoperasjon i tillegg, conchotomi med eit fint ord. Pasient Arnt Albertsen frå Bodø let seg velvillig overtala til å snu på operasjonsprogrammet sitt. Han var komen til Voss for å ta ein «vanleg snorkeoperasjon» i svelget, og skulle operera nasen seinare.

— Eg tar gjerne ein tur til hit. Diagnosen tilseier at eg må gjennom begge operasjonane, seier den langvegsfarande pasienten med reine nåleputa stikkande ut av nasebora.

— Bedøving, forklarer hjelpepleiar Turid Hegbom.

Bedøvinga har sjukehuset sin svenske øyre-, nase, hals-spesialist Ulf Kingstam sett medan ei gruppe tyske legar fyljer svært så interessert med.

Albertsen er langt frå den einaste pasienten som har reist langt. På venterommet summar det i dialektar frå det høge nord. 12 vart operert i går, 17 var til utgreiing. Her går det unna på løpande band.

— I fjor opererte vi 1702 pasientar her på Rogne. Året før var vi oppe i nesten 2000, seier førstesekretær Margunn Døssland til Bergens Tidende.

Søvnapné

Lækjar Roald Underdal likar ikkje heilt at inngrepa som vert gjort, har fått namnet «snorkeoperasjon» på folkemunne.

— Den medisinske plaga heiter søvnapné. Snorking er i og for seg ikkje nokon sjukdom, presiserer han overfor Bergens Tidende.

Men vi får opplyst at det også blir operert i ein del tilfelle med «sosial snorking». Då er snorkinga så plagsam for omgjevnadane at det representerer eit alvorleg problem. Eit døme er oljearbeidarar, der fleire må sova tett på kvarandre til same tid, og alle treng god søvn.

— Dei fleste som blir operert her, sluttar å pusta i lengre eller kortare periodar om natta, utan at dei treng merka det sjølv. Oksygenmangelen kan gje hjartetrøbbel og høgt blodtrykk, forklarer han.

Tvinnereimmetoden går ut på å laga større opning for luftpassasje i svelget. Med radiobylje skjer dei eit snitt på kvar side av drøvelen, mellom drøvelen om mandlane.

— Pasientane kjem til utgreiing på sein ettermiddagstid. Etter legesjekk får dei overnatta på avdelinga med ein sonde inn gjennom nasen, tilkopla ein maskin som registrerer kvart andedrag (apnégrafi). Treng pasienten operasjon, blir det overnatting på Hotell Jarl, og operasjon dagen etter, fortel Turid Hegbom.

Ikkje alle får operasjon

— Ikkje alle får operasjon?

— Nei, operasjonen er ikkje løysinga for alle plager. I nokre tilfelle er plagene for små, i andre tilfelle for store, seier ho og nikkar mot eit par karar inne på daglegstova som går med netting over hovudet og ledningar som stikk ut i mange retningar.

— Desse pasientane har så store søvnproblem at dei er til utgreiing for «cpap»-pustemaskin. For å leva eit normalt liv om dagen, må dei truleg vera tilkopla ei pustemaskin om natta, forklarer Hegbom.

NASAL NÅLEPUTE: Hjelpepleiar Turid Heggbom ser til at pasient Arnt Albertsen frå Bodø har fått høveleg bedøving i nasen til ein conchotomi-operasjon.<br/>Foto: ARNE HOFSETH
PRESISJON: Øyre- nase, halsspesialist Ulf Kingstam set bedøving på pasient Arnt Albertsen frå Bodø, under oppsyn av tyske legar på kongress. Frå venstre dr. Charap, dr. Strasding, dr. Müller, dr. Tesner og herr Müller.