Rektorane ved Sogndal ungdomsskule, Sogndal vidaregåande skule og Høgskulen har planar om å samle dei tre skulane på eitt område.

— Ei slik samordning av ulike skuleslag har aldri før vore gjort her i landet. Dette vil vere eit prosjekt av nasjonal interesse, seier høgskulerektor Johs Thaule til Firda.

Fosshaugane Campus vil få 3500 elevar og studentar, og 400 lærarar, skriv Firda.