— Mange elevar har nok opplevd dette sterkt. Frå skulestart av vil vi difor samle dei og gå gjennom det som skjedde, seier Kjell Skaaheim, rektor ved Førde ungdomsskule.

Det same vil skje på Halbrend, den andre ungdomsskulen i kommunen. Begge dei to skulane hadde kring 200 elevar på arrangementet i Førdehuset.

I ettermiddag og kveld ringde lærarane ved skulane rundt til alle elevar som hadde vore til stades i Førdehuset.

— Vi gjorde dette for å sjekke at alt var i orden, seier Skaaheim.