Men alt no kan vi køyra på glinsande svart asfalt frå Rv. 546 rett nord for kommunesenteret Storebø ned til den fyrste steinfyllinga.

— Denne vegbiten gjorde vi ferdig for berre 14 dagar sidan. Kommunen forskotterte. Eg trur faktisk Bergens Tidende er fyrste trafikanten på denne vegen, seier Helge André Njåstad.

Han peikar og forklarar og syner oss kor fyllingane og bruene skal byggjast for å knyta saman Huftarøy og Hundvåkøy. Dryge 400 millionar kroner vil det kosta. Ute i leia glid bilferja «Vikingen» forbi mellom Hufthamar og Austevollshella. Ferjestrekninga vert nedlagt den dagen det nye Austevollsambandet vert opna. Då er samlinga av Austevoll fullført. Trass i ein uvanleg skral kommuneøkonomi er Helge André Njåstad optimist med tanke på framtida til kommunen.

Fyllingane på plass

— Folketalet syner ein jamn vekst, og arbeidsløysa er lita, seier han og peikar på nokre haugar tett ved den nye vegen.

— Der er det planlagt eit bustadfelt.

Einaste suta til ordføraren for det nye vegsambandet er at han kanskje ikkje er ordførar lenger den dagen snora skal klyppast. Første november 2007 er førebels fastsett som opningsdag. Det er seks veker etter kommunevalet. Eit uheldig utfall kan føra til at Njåstad må stå i andre rekkja under opningshøgtida.

— Men no gler vi oss over at anleggsarbeidet skal starta, seier han, og forklarar at dei fyllingane som alt ligg der er stein som er frakta til staden frå Trekantsambandet. Eit framifrå døme på ombruk.

Brukommune nr. 1

Austevoll passerer Øygarden som brukommune nr. 1 i Hordaland når Austevollsambandet er opna. Frå før har Austevoll Selbjørnsbrua frå 1980, Stolmabrua frå 1998, som framleis er verdas lengste fritt frambru, og Bakkasundsbrua frå 1999.

Det nye veganlegget får Storholmenbrua med 410 meter og Hundvåkøybrua med 460 meter spennvidde. Totallengde på anlegget er 3795 meter.