— Eg skal prøve å unngå å treffa nokon, lo Berge medan han fekk verneutstyr på. Tilreisande politikarar, gjester og mediefolk blei køyrd trygt unna i buss.

100 kilo sprengstoff gjekk av med eit brak og markerte dermed starten på ei ny tid for Kvinnherad kommune.

— Endeleg skal me få vera ein kommune, sa Berge som gler seg til å få fastlandssamband til Halsnøy.

Lengst i Hordaland

Det bur i dag meir enn 2000 menneske på Halsnøy. Når Halsnøysambandet står ferdig i juni 2008, kan dei sleppa tenkja på når siste ferje går heim.

Vegsambandet med ein prislapp på 356 millionar kroner vil óg korta ned Hordaland si lengste ferjestrekning. Då skal nemleg ferja gå i pendel mellom Skjersholmane sør på Stord og Ranavik på Halsnøy - og slepp dermed turen til Sunde.

— Dette er ein merkedag for Kvinnherad og for resten av regionen vår, sa Berge.

Bilistane må betala mest

Frå tunnelopninga i Pollen sør for Husnes vil det bera rett ned under Høylandssundet i ein 4,1 kilometer lang undersjøisk tunnel. På det djupaste vil bilane køyra 136 meter under havet. På Halsnøysida skal det byggjast 2,2 kilometer veg i dagen frå Tofte til Landa.

Statens Vegvesen er byggherre og entreprenøren Veidekke skal stå for bygginga. Finansieringa er basert på 33 prosent statlege midlar, 10 prosent kommunalt tilskot og heile 57 prosent må bilistane sjølv betala med Autopassbrikke i bomstasjonen på Halsnøy.

— Utfordringa vidare blir å betra vegsystemet på Halsnøy og ferjeproblema mellom Kvinnherad og Stord. Me treng betre samband mellom ytre Sunnhordland og Kvinnherad, sa Magne Rommetveit, ordførar på Stord og styremedlem i bompengeselskapet.

«DYNAMITT-BJARNE»: - Ein merkedag for Kvinnherad og for regionen, sa Kvinnherad-ordførar Bjarne Berge, før han fyrte av den første salva i ein undersjøisk tunnel som skal knytte Halsnøy til resten av kommunen. Marit Eidsnes Rogne frå Statens Vegvesen ser til at skytebasen har verneutstyret i orden.

LENA VERMEDAL