Ein eitt år eldre kamerat var med på trugsmålet, men blir ikkje straffa avdi han etterpå er erklært sinnssjuk.

Kniven blei lagt mot strupen til den svært rusa kjenningen for å få han til å fortelja kven i skulemiljøet som hadde fortalt at kameratane brukte hasj.

Seinare truga 19-åringen med å drepa kjenningen for å få han til å trekkja knivsaka som no var meldt til politiet. Ein vanskeleg oppvekst og valdeleg far er iføl-gje retten formildande omstende for 19-åringen, som er på rehabilitering for problema sine.