Statsråden fekk huska seg i bussen til Olav Opedal i går — sjølv om farten var lågare enn oppsett rutetid - gjennom tronge svingar, uoversiktlege bakketoppar og på veike vegkantar. Når vegen sig ut, går reparasjonsarbeidet ut på å fylla etter med asfalt, så det ser beint ut.

Vi er på riksveg 550 mellom Utne og Jondal. Vegen er nyleg innlemma i det nasjonale turistvegnettet, men også administrativt verna av Riksadvokaten og Kongen. Vernereglane manglar enno, og det er uråd å få godkjent nye tiltak, ikkje ein gong ei avkøyrsle. Så lenge reglane ikkje er på plass, er vegen i praksis totalfreda. Forvaltingsorgana er livredde for å tillata noko som kan vera i strid med framtidig lovverk.

Særstilling

— Denne vegen er så avgjort verneverdig, men eg har slett ikkje sans for freding av ein veg der folk manglar alternativ. Det er noko heilt anna å verna ein gammal veg der det er bygt ny hovudveg, seier Navarsete.

Velstelte fruktgardar ligg langs vegen, innimellom felt med hogstmogen skog som skal til sagbruket i Granvin. Også landets største fruktlager er plassert eit stykke oppe i dei tronge bakkane ovanfor Utne.

— Kven er det som lanserer slike framlegg og «dømer» bygdefolk til å ferdast på vegar frå førre hundreåret til evig tid?

— Dette har skjedd før mi tid i departementet. Eg har prøvt å nysta litt i det, men har førebels ikkje funne opphavet. Det viktige no, er å gjera det beste ut av situasjonen.

— Som å droppa heile verneplanen for denne vegen sin del?

— Eller å laga vernereglane slik at dei er til å leva med. Reglane er under utarbeiding, og skal på høyring før det endelege vernevedtaket blir gjort. Vegen forbi Stamnes til Eidslandet i Vaksdal kommune er i same situasjon. Folk har ikkje annan veg å bruka enn den som er under verning. Det gjeld også ein veg i Sogn og Fjordane. Eg meiner at slike vegar må få ein annan status enn dei andre i verneplanen. Vegen må kunne brukast, seier statsråden.

- Vern oss mot vern

Ordførar Solfrid Borge i Ullensvang minner om at den velviljen som ei tid fanst for vernetanken, var tufta på at vegen først skulle rustast opp. Han skulle tola ti tonn akseltrykk (åtte no), og 18,75 meter lange vogntog.

— Denne føresetnaden ser ikkje lenger ut til å stå ved lag, og dermed har velviljen dunsta bort, seier ordføraren.

Per Mælen ved Hardanger Gjestegard avviser vernetanken totalt.

— Sjølvsagt må vegen rustast opp. Det skulle berre mangla. Men han må ikkje deretter vernast. Då blir standarden berre fastfrosen på eit litt høgare nivå, for evig og alltid, seier Mælen.

MUSEUMSVEG: Vernevedtak hindrar utbetring av vegen Utne Jondal, der samferdsleminister Liv Signe Navarsete i går fekk ein demonstrasjon på kronglete busskøyring av partifelle Olav Opedal i Tide-uniform.