Når vi tidlegare omtalte bedrifter, la vi vekt på det dei produserte og bedrifta sin karakter. No handlar det om standardopplegg for HMS, personalpolitikk, målstyring og omdømme. Kursa som helsepersonell, politiet, folk i petroleumssektoren og i privat tenesteyting tar i organisasjon og leiing, liknar til forveksling på kvarandre. Dei byggjer på ein felles modell av ein formell organisasjon. Utdannings— og opplæringstilboda av leiarar er i stor grad retta mot at ein kan leia verksemder i ulike sektorar. Det kan verka som alle - oljebedrifter, barnevern, forsvar og bank - er støypt i den same organisatoriske forma.

Vi ser no at alle verksemder - uansett bransje, storleik og arbeidsmåte - deler språk og oppskrifter på moderne organisasjonar. For dei som får seg jobb i ein ny bransje, vil felles sjargong og verkemiddel gjere overgangen lettare. Men det flytande og diffuse i organiseringa kan føre til uvisse og uro. For kven er eigentleg «vi», og kven tar avgjerder om oss? Og kan vi vera på same lag når vi har ulik logo på kjeledressen?