— Dette må grensa til rasediskriminering. Det er heilt urimeleg at han skal bli nekta visum berre fordi han er fødd der han er fødd, seier Åse Steine (25) til Bergens Tidende.

Jamaica, neitakk

UDI grunngjev avslaget med at personar som høyrer til enkelte nasjonar eller grupper, erfaringsvis ofte er uvillige til å forlata landet når visumtida er ute. Til desse vert det berre gitt visum i særlege høve.

Jamaica er blant landa med høg emigrasjonspotensial, etter UDI si vurdering.

Dessutan meiner UDI at søkjaren har gitt feilaktige opplysningar, og ikkje dokumentert fast arbeid på Jamaica. Direktoratet legg vekt på at han er ein ung mann, og ser ikkje sterke nok velferdsgrunnar for ei reise til Norheimsund. Paret har vore saman i få månader.

Ringte feil

— Dette er heilt fortvilande. For UDI er dette papirarbeid, men det er liva våre det gjeld, seier Åshild Steine til Bergens Tidende.

— Er det ikkje feilaktige opplysningar?

— Nei. Det som har skjedd er at ambassaden har ringt til feil person, rett nok med same namn og adresse, men senior i staden for junior. Då er det ikkje rart at vedkomande ikkje kjenner Phillip.

På denne bakgrunnen har ho bede UDI sjå på søknaden igjen, utan å gå vegen om klage til utlendingsnemnda med 14 vekers sakshandsaming.

Bergens Tidende prøvde i går fleire gonger å koma i kontakt med sakshandsamar Sissel Leganger i UDI, men kom aldri lengre enn til sentralbordet.

Det er opplyst at svært ekstraordinære grunnar trengst, dersom ein person frå Jamaica skal få turistvisum til Noreg. Men det er ikkje gitt døme på kva slags grunnar som skal til.

Absurd

Åshild Steine har opplyst at ho har astma og vil attende til varmen på Jamaica så snart som mogeleg, men etter at sambuaren har fått helsa på familien hennar. At Phillip skal bli verande att i Norheimsund, framstår for henne som absurd.

— Sjølvsagt er han ein ung mann. Han er om lag på min alder. Må eg gifta meg med ein gamling for at han skal få helsa på foreldre mine? spør ho.

Ho har heller ikkje stor sans for UDI si vurdering av kjærleikstilhøvet. Dei har vore sambuarar berre i eit halvt år, men kjent kvarandre i eit heilt.

— Det skulle ta 7-10 arbeidsdagar å få svar på ein visumsøknad. Det har teke over seks månader, og svaret er ikkje akseptabelt.

- ABSURD: Åshild Steine har astma og vil attende til varmen på Jamaica så snart som mogeleg, men etter at sambuaren har fått helsa på familien hennar. At sambuaren Phillip skal bli verande att i Norheimsund, slik UDI mistenkjer, framstår for henne som absurd.<p/>ARKIVFOTO: ARNE HOFSETH<p/>