Fem brasilianske orkester er alt booka inn til festivalen som blir arrangert frå 6. til 9. juli. Dei representerer ulike ret-ningar innanfor samba, den mest kjende musikk— og danseforma i det latinamerikanske landet.

Festivalen prøver også å trekkje trådar til den brasilianske musikkens røter på det afrikanske kontinentet og i Portugal. Det betyr mellom anna at den portugisis-ke tradisjonsmusikken fado blir repre-sentert på festivalen med Joana Amendoeira, ei av dei nye unge fadostjernene.

Også i år blir det utekonsert under festivalen. Og det med ein av nestorane i irsk folkemusikk, Andy Irvine. Han kjem til Førde med gruppa Mozaik.