Fredag skreiv dei fire nabokommunane under på at dei vil samarbeida tettare på 11 ulike område, som spenner frå barnevern til data.

— Dette er ikkje første steget mot ein ny storkommune. Klarer me å få til dei fellesløysingar me legg opp til vil det tvert om vera beste garantisten for at kvar kommune vil forbli sjølvstendige også i framtida. Det er dei som ikkje samarbeider som vil få problem i ei tid med sterkt pressa kommuneøkonomi, så det me no gir oss kast med er eit virkemiddel for at me kan vera fire ulike kommunar også i framtida, seier Inge Reidar Kallevåg, ordførar i Bømlo.

Tettare band

Trekantsambandet har ført firkløveret Sveio, Stord, Fitjar og Bømlo saman på ein ny måte, noko naboane vil utnytta. Målet med samarbeidet er heilt klart å spara pengar, det var rådmenn og ordførarar frå dei fire som fredag høgtideleg signerte viljeserklæringa om tettare samarbeid samde om.

— Me går mykje lengre enn me tidlegare har vågt å gjera, og samarbeidet vil gjera oss alle sterkare og bidra til at me kan få meir pengar til tenesteyting for innbyggjarane. Me hadde ikkje gjort dette utam, seier Agnar Aarskog, ordførar i Fitjar.

Felles sak

Ikkje berre prat, men konkret handling skal til på ei rekkje felt. Først i løypa er utgreiing av felles dataløysingar, slik at elektronisk kommunikasjon mellom kommunane går smertefritt. Elles omfattar forslaga vurdering av felles innkjøp, felles økonomi- og lønnskontor, felles landbrukskontor, fellesløysingar innan barnevern, felles lærlingeinntak, overformynderi, fellesløysingar innan drift og vedlikehald og felles vaktordningar på ei rekkje felt.

— Det ligg opplagt ein brannfakkel i spørsmålet om kor dei enkelte tenester skal fordelast mellom kommunane, men det må ikkje bli hindring for den effektivisering me her er ute etter, seier Sverre Olav Svarstad, rådmann i Bømlo.

Fitjarrådmann Harry Herstad understerka at utviklinga av framtidige interkommunale løysingar må skje i nært samarbeid mellom dei tilsette i kommunane.

— Det må til for at me skal kunna få tettare, betre og meir effektive fellesløysingar gjennom eit samarbeid som er unikt. Dette kan danna mønster for andre kommunar, seier Herstad.