I alt blei det landa i underkant av 3,6 tonn sjøaure frå elvane i fylket i fjor. I 2003, som var eit toppår, blei det fiska kring 11 tonn. Sidan har fangsten gått nedover kvart år.

Statistikken syner dramatisk nedgang i fleire av dei tradisjonelt beste sjøaure-vassdraga. I Stryn, der det i 2005 blei fanga over 1000 kilo sjøaure, var fangsten i fjor nede i 240 kilo. Også Nausta i Sunnfjord og Eidselva i Nordfjord er nedgangen svært stor.

Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane veit ikkje sikkert kva som kan vere årsaka, men truleg har fleire negative faktorar påverka utviklinga. Også frå andre fylke blir det rapportert om kraftig nedgang.

– Det verkar som det er nedgang på heile Vestlandet og fleire stader i resten av landet. Mykje truleg kan nedgangen knytast ein del opp mot menneskeskapte årsaker. Vassdragsreguleringar, auka mengde lakselus, mindre tilgjengeleg føde og klimaendring kan vere nokre av årsakene, skriv Fylkesmannen i ein rapport om fangstutviklinga.

Utviklinga i laksefisket er mindre dramatisk. I rapporten kjem det fram at 2008 var eit middels år for laksefisket i elvane.