Hausten 2012. Motaz Al Habbash er i ei krigssone. På grensa mellom Israel og Palestina er det bomber og tragedie, og han lengtar heim. Heim til Bergen, staden der han vandra rundt for berre månadar sidan. Han er i Gaza, og kjenner på krigen for tredje gong.

På Vestlandet, langt, langt vekke frå krig og elende, sit Jarko Tijssen og tvinnar tomlar. Nederlendaren er uroa. Kvifor tek ikkje kompisen telefonen?

— Eg måtte læra meg at «no news is good news». Det var veldig rart. Plutseleg kjente eg nokon som var midt i ein krig, fortel han.

Fann fort tonen

I dag er det to år sidan telefon og bybesøk i Bergen vart bytta ut med Skype og internett. Motaz er attende i stova på Møhlenpris i Bergen, og ute snør det. Det er vorte jul, og ei diskokule er klar til å ta imot nyttårsaftan.

— Omtrent kvar tredje veke fekk me prata saman frå Gaza. Det betydde utruleg mykje for meg, seier Motaz.

Litt på slump trefte dei kvarandre gjennom Flyktningguiden den gongen, og vart vener for livet. I år skal dei festa seg inn i det nye året saman, men allereie i 2011 feira Motaz jul i lag med Jarko og familien.

— Eg hugsar så godt at svigerfar din serverte masse fisk. Og eg som elskar fisk, mimrar Motaz.

— Me fann fort tonen. Det er så utruleg spennande og kjekt å ha ein ven frå ein heilt annan del av verda, fortel Jarko.

Lukka nordmenn

Med bergensk aksent og ein skarre-r som Motaz berre kan drøyma om, fortel han om korleis Gaza møtte Nederland. Om korleis to menn sat på kvar si tue og lengta etter nokon å henga med.

— Nordmenn er så lukka. Dei byggjer veggar og fasadar. Det tok meg fire år å koma meg inn til naboen. Fire år! Ei blautkake var alt som skulle til, seier nederlendaren, og smiler.

Då Røde Kors sin Flyktningguide kopla dei saman, var båe einsame - på sin måte.

Jarko hadde funne kjærleiken i ein jungel i Nicaragua. Amors piler tok han til Bergen og kjærasten Jorunn. Men det å byggja nettverk i ein heilt ny by, var ikkje berre enkelt.

— I Nederland hadde eg den faste gjengen min. Her stod eg utanfor og kikka inn, fortel Jarko.

Motaz drøymde om eit anna liv. Eit nytt liv, eit liv med draumar. Han kasta loss, og Bergen vart hans lagnad. Her drog han heilt aleine.

— Noreg var stjerna øvst på ynskjelista. Det var eit opplagt val, fortel han.

— Og i dag er eg gift. Med ei norsk jente!

Sosiale triks

Kompisane sitt fyrste møte? Røde Kors var ikkje overbevist om at Jarko passa som guide. Ikkje kunne han norsk, og ikkje var han lommekjent i byen.

— Du kan tru Motaz vart skuffa då han skjøna at det var ein kvasi-norsktalande fyr frå Nederland som vart kopla med han, seier Jarlo, og ler.

— Haha, ja, det var ikkje akkurat det eg hadde sett for meg!

Det er for lengst gløymt. Motaz er full av lovord om kompisen som tok han inn i varmen.

— Han har lært meg så utruleg mykje. Om den norske kulturen, det norske språket, ja, korleis ein skal skjøna seg på det norske folket. Det er så mange sosiale reglar som er komplett umogeleg for ein flyktning å skjøna. Han lærte meg triksa.

Vest og aust

Då Motaz i 2012 måtte dra til Gaza for å gifta seg med sin norske kjærast, skulle han vera attende innan seks månadar. Det tok to år. Fyrst i september i år var han på Vestlandet att.

— Eg sa til han, du har å koma deg til Bergen, fortel Jarko.

— Det var utruleg kjekt å treffa han att, legg han til.

Til vanleg bur Motaz i Oslo.

— Og eg kom! Eg er her!, seier han, og smiler.

— Ja, og no har du fått deg ein ny ven frå Flyktningguiden i Oslo. Eg er sjalu! Ja, så mykje betydde eg, tullar Jarko.