Fylkesordføraren i Hordaland er fødd og oppvaksen i den hardt råka industribygda i Hardanger, og får ei nøkkelrolle i arbeidet med å skaffa nye arbeidsplassar når Elkem Bjølvefossen AS flaggar ut til Island om eitt års tid.

Styret i Orkla gjorde i går det endelege vedtaket om å flytta produksjonen av ferrosilisiummagnesium til Island frå februar 2008. Alle dei 160 tilsette på Bjølvefossen i Ålvik misser dermed arbeidet sitt. Men Elkem vedtok 13. september eit prosjekt som kan gje opp mot nye 60 arbeidsplassar i Ålvik. Netto vert minst 100 borte.

Svigerinnemøte

Måndag 13. november står eit møte med ordføraren i Kvam på fylkesordføraren sin kalender. Dette blir ikkje ein vanleg kaffislabberas to svigerinner imellom. Ålviksamfunnet si framtid står på spel.

Ordførar Astrid Farestveit Selsvold trødde sine første barnesko på Voss, dei seinare i Ulvik. Sitt vaksne liv har ho levd i Ålvik, i jobb på Bjølvefossen og gift med fylkesordføraren sin veslebror.

– Vi har kvar vår rolle, og representerer ulike politiske parti, seier Torill Selsvold Nyborg.

– Kan folk likevel oppfatta det som ugildskap når du kanaliserer statlege pengar til Kvam-ordføraren sine jobbskapingsprosjekt?

– Vi er svært medvitne om dette, og vil rådføra oss med ekspertar om det i nokre samanhengar er rett å tre attende. Men vi har plikter som fyljer av omboda våre, og ingen må vera i tvil om at vi jobbar for Ålvik sitt beste.

Ålvik-patriotar

– Kven er største Ålvik-patrioten av dykk?

– Eg er fødd og oppvaksen i Ålvik. Det er ikkje Astrid, skøyar fylkesordføraren.

Sidan statlege omstillingsmidlar vert kanalisert gjennom fylkeskommunen, vonar Kvam-ordføraren på stor velvilje hjå svigerinna.

– Eg er oppteken av at jobbskapinga i Ålvik skal ha ein solid organisasjon, og profesjonelle folk til å gjera jobben. Blir det satsa halvhjarta og amatørmessig, er det fort gjort å sløsa bort ressursar utan å skapa noko, seier Astrid Farestveit Selsvold (Ap).

Fylkesordføraren frå KrF er ikkje imponert over den raudgrøne regjeringa si oppfylling av den mykje omtala «verktøykassa» etter forgjengarane. Ho skulle gjerne hatt meir pengar å rutta med. Men saka har også praktiske sider, i tillegg til dei økonomiske.

– Vi har teke lærdom av situasjonen i Odda, der smelteverket gjekk konkurs, og det store industriområdet gjekk inn i eit konkursbu. Alle signal vi har fått frå Elkem, tilseier at dette ikkje vil skje i Ålvik. Elkem vil dra seg ut på ein ryddigare måte, seier Torill Selsvold Nyborg.

Arne Hofseth