Det var like før klokka 20 i kveld at politiet fekk melding om at saltebilen hadde gått rundt på flaten på veg mot Åsebø på Askøy. Deler av bilen hamna uti Åsebøvatnet.

Sjåføren kom seg ut, men blødde frå eit kutt i hovudet.

— Han pustar og pratar, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Alle naudetatar, også ambulanse, rykka ut til ulukkesstaden.

— Det er veldig glatt på staden, opplyser Kronen.

Vegen er ikkje blitt fysisk sperra, og bilen ligg no 3 meter utanfor vegbana.

Sjåføren er frakta til Haukeland.

Politiet opplyser at dei tok førarkortet hans påstaden grunna aktlaus køyring.