På bygdene driv dei med gardsturisme og strutseoppdrett. I byen stikk dei heller ikkje hovudet i sanden.

Dei gåverike, glattraka unge av bondeætt er òg på veg inn i den nye tid. Der kaffi og kaker konkurrerer med Cola og kebab. Der rosemåla treskurd må vika for minimalistisk design.

Hundre år etter framveksten er norskdomen i krise. Polutsal på Bømlo og salsakurs i Fensal. Urdu og arabisk talemål på kjøkenet i kaffistovene. Dei gamle vrir seg truleg som krokute bjørkerøter om dei ligg i si grav og fylgjer med.

Kva ville dei sagt om dei visste at Noregs Ungdomslag er den største arrangøren av diskotek i Noreg i dag? Og at eit lag i Gudbransdalen har monopol på sminkeimport!

Frå Haugtussa til Britney

For det nyttar ikkje lokka med Aasen, Garborg og Haugtussa til ein generasjon som trivst best med Tungtvann, SMS og Britney Spears.

— Kunne vi berre kvitta oss med namnet Bondeungdomslaget, ville mykje vore vunne, trur Gunhild Berge Stang. Til nyleg var ho leiar i BUL, det eine av dei to bondeungdomslaga i Bergen.

Ho meiner det held med berre Bergen Ungdomslag.

Men det er truleg lettare å innføra islam som statsreligion i Noreg enn å skifta namn på BUL i Bergen. For her sit historia klistra i veggene, som blåskjel på ein ankerkjetting.

Det er ei rørsle av sterke personar som utgjer bondeungdomslaga i byane. Dei kastar seg ikkje rundt før dei har tenkt seg om.

Tanken tek tid, men no er det snart for seint om ikkje noko drastisk skjer. Husa er i forfall, medlemsflokken minskar, dugnadsanden døyr og økonomane gret. I heile haust måtte til dømes Noregs Ungdomslag i Oslo permittera alle sine tilsette. At ikkje nokon skreiv om det, seier vel sitt om interessa for rørsla i media.

Ikkje nett kefir og kromkake

Jau, det skjer noko. Men berre utanpå.

Vil du tinga rom på eit hotell for bønder i byen, må du gå gjennom Best Western Hotels. For det er her dei er med, både Hordaheimen i Bergen og Bondeheimen i hovudstaden.

— Det er ikkje lenger slik at når ein bonde frå Tynset kjem til Oslo, så går han beine vegen til Bondeheimen. Han finn den plassen som er billegast, og det er eit av kjedehotella, seier Kari Bøyum, vossajente som er dagleg leiar for BUL i Oslo.

For det er slutt på lojaliteten mellom bygdefolk på bytur.

Difor ser Kaffistova på Bondeheimen ut som eit kvilerom på Moderna Museet i Stockholm. Nøktern design, høge stolryggar og liljetynne tauser bak disken. Ingen bunad eller blussande kinn der i garden, nei.

— De' va' lett uvant i begynnelsen, men de' må vel ve' sånn, seier Gunnar Skomedal frå Bygland i Setesdalen.

Han tek den nye tid med stor ro, og ein god kopp kaffi. Ved nabobordet sit ein annan døl og freistar eta ein bagette med kniv og gaffel. Det er ikkje lett, men det går.

Ølbule på Paradis

Ikkje visste eg at min stamkafé i ungdomsåra var ein pengemaskin for bondeungdomslaga.

Namnet skulle ikkje tilseia det: Paradis Konfekt- og Thesalong, - mann i mellom: berre Tesen.

Her møttest ungdom av ulik byrd på seksti- og syttitalet. Laurdagskveldane hadde vi ølflasker med i SUF-tasker og skinnsekker. Vi kjøpte ei flaske Brigg og fekk glas, men slo lettølet ut over blomene, og fylte pilsner i glasa.

Slik sat vi i timar, og vart lystige. Dei frodige kvinnene i svarte og kvite BUL-uniformer tykte det var ratt at stemninga steig på berre Brigg. Men dei tok det som prov på at lettølet var undervurdert som stemningsskapar.

Vi visste ikkje då at i åra frå 1967 til -87 var det BUL i Bergen som dreiv denne mondene kafeen midt i det borgarlege Paradiskrysset. At sossen på Paradis sponsa målsaka og fråhaldssaka, gamaldans og leikarring.

På det meste dreiv bondeungdomslaga i Bergen sju såkalla lagsbruk, altså næringsverksemder. I dag er det berre to, Hordaheimen og Kaffistova.

Og framleis ligg edruskapslina fast. Det er ikkje lov å skjenka sterkt, korkje i Fensal eller Gimle eller andre stader dei eig.

— På det viset går vi glipp av mange 30-, 40- og 50-årsdagar som folk vil halda hos oss, seier vaktmeister og styremedlem i Ervingen, Knut Malkenes, i et oppgjeve utbrot.

Politisk kløyving

Det er berre i Bergen det er to bondeungdomslag. Men så er det berre vestlendingar som kan kunsten å halda eld i gamal strid (jfr. «Vestavind» på NRK).

Alt i 1909 skar det seg, etter ni års drift av Ervingen, eit av Norges eldste og beste lag.

Som ofte seinare handla det om målsaka her vest. Ikkje om a- eller i-mål, men om kor mykje pengar Ervingen skulle nytta til målarbeid.

Det stod om 107 kroner.

Dei som ville gje mest braut ut av Ervingen og skipa BUL. Det var ein sogning og ein vossing som kivast hardast på årsmøta.

Dei to laga utvikla seg ulikt på ymse felt. BUL vart det politiske laget, der særleg studentar og akademikarar fann vegen. På seksti- og syttitalet drøfta dei både EEC og Vietnam på møta.

I Ervingen heldt dei seg til meir tradisjonelle syslar, som bakst og bunad.

Dessutan spela dei toradar i Ervingen. Det var uhøyrd i BUL, der fela trona einsam.

Ervingen er framleis storebror, med knapt 200 medlemer. BUL har 160. I dag er det mange som meiner det er tid for samling att. Den nye tid krev det.

Dei samarbeider alt på fleire felt. Men sjølve samlinga sit nok enno langt inne. Nokre gamle menn må truleg først gå ut av tida.

Forfallet

17. mai, bunad og bondeungdomslaga er eitt. I Bergen som alle andre plassar i landet.

Men, godtfolk, sjå her:

For fyrste gong vert det i år ikkje 17.-maifest om kvelden i Ervingen.

Årsak?

Nasjonaldagen fell midt i ei langhelg, og ingen vil jobbe dugnad på fritida si.

Kva ville Ivar ha sagt, karar??!!!??

MÅNDAGSRINGEN: Gunhild Berge Stang (til h.), avgått BUL-leiar i Bergen, i ein komplisert sving med Olaf Bruflot og Ingvild Mehl i Fensal.
FOTO: VEGAR VALDE