Ifølgje avisa Østlands-posten er den frykta bakterien påvist i kjøt som Skandia Foods AS i Larvik har importert frå Polen. Delar av importpartiet blei selt vidare til Fatland.

Totalt ligg no mellom 180 og 200 tonn kjøt avsperra hos Fatland Ølen. Skandia Foods i Larvik har dessutan sperra resten av det polskimporterte kjøtet dei har på lager.