I følgje ei pressemelding fekk distriktskontoret til Mattilsynet i Indre Sogn tidleg i februar melding om at fleire mjølkekyr i ein buskap hadde høg feber og blodblanda diaré. Dei blei teke avføringsprøver at dyra, og 9. mars blei diagnosen silt av Veterinærinstituttet. Salmonellatypen som er påvist i Sogndal, er ein variant som ofte finst hos piggsvin.

På grunnlag av mistanken, valde Mattilsynet 23. februar å bandlegge buskapen.

– Restriksjonane inneber mellom anna at dyra blir haldne isolerte. Det er forbode å føre dyr inn og ut av buskapen, seier Margrete Wåltorp Vangestad, distriktssjef for Mattilsynet i Indre Sogn.

I tillegg til kyr er det også sau, hund og høner på garden. Etter at salmonella blei påvist på kyrne, er det også teke avføringsprøver av dei andre dyra. Resultata frå desse prøvene er ikkje klare.

Birthe Tveiten