1. april 2008 kl. 19.00 arrangerer gruppa SUS konsert i Salhus kyrkje. Konserten er kalla ”Lei oss over stjernebru” og er ei samling religiøse folketonar presentert vokalt akkompagnert av trekkspel, hardingfele og diverse fløyter.

SUS er ei gruppe musikarar som har jobba saman musikalsk i ymse samanhengar, men først det siste året (2007) har etablert seg som ei sjølvstendig gruppe med utarbeiding av eit eige konsertprogram. Konserten er sett saman av religiøse folketonar frå ulike stader i landet, til dømes nokre frå Nordhordland og kystdistrikta på Vestlandet. På programmet står også nokre danseslåttar som høver inn i stemninga. Sus ønskjer at konserten skal bidra til ro og ettertanke, at musikken kan knyta band til dei musikalske røtene våre. Med utgangspunkt i det tradisjonelle presenterer dei folketonane utan for mykje ”staffasje”, men med sin eigen vri.

MUSIKARANE I SUS ER:

Eirin B. Åserud – vokal

Eirin Åserud er utdanna lærar med mellomfag i musikk frå Bergen lærarhøgskule. Song er hovudinstrumentet hennar, og ho har lang og allsidig bakgrunn både i kor (m.a. Voci Nobili) og som solist. Eirin er busett i Meland kommune, arbeider til dagleg som lærar på Hordvik skule og studerer ”Kirkelig Barnekorledelse” på deltid ved Musikkhøgskulen (i samarbeid med Ung Kirkesang) i Oslo. Eirin har også bygd opp eit nytt barne— og ungdomskantori i Meland, Octavia. Dette koret har allereie nådd svært langt. Ho har også grunnlagt Maria Barnekantori i Bergen, knytt til Mariakirken.

Eva Marie Toppe – vokal, hardingfele

Eva Marie Toppe har mellomfag i musikk frå Høgskulen i Bergen og studerer for tida mu-sikkterapi ved Grieg-akademiet. Ho er busett i Bergen kommune, Åsane, der ho driv gard og gartneri saman med familien. Hardingfele er hovudinstrumentet til Eva Marie, men også folkesong/kveding. Eva Marie har delteke på ei rekkje med kurs som instruktør, og har undervist born både i hardingfelespel og song. Det siste året har Eva Marie hatt 20 skulekonsertar i Bergen og omegn med folketonar, og ho reiser også rundt med eit konsertopplegg til aldersheimar i regi av Folkeakademiet.

Dag Olav Larsen – diverse fløyter

Dag Olav Larsen er lektor og underviser ungdomar ved St. Paul skule i Bergen. Han er ekte bygut med diverse fløyter som følgjesveinar i livet. Dag Olav er kjent så vel i det Bergenske musikklivet som i resten av landet. Han har vore aktiv utøvar i snart 30 år innanfor dei fleste sjangrar: latinamerikansk, klassisk, vise, middelalder – det meste. Han har også vore med på innspeling av filmmusikk og fleire cd-innspelingar, nemner her: ”Musikkeventyr” av Anne Regine Kayser og ”Rino og den magiske fløyten” saman med mellom anna Iver Kolve og Gabriel Fliflet.

Haakon Gunnar Aase – trekkspel

Haakon Aase er busett i Meland kommune og har spela trekkspel sidan han var 14 år. Musikalsk har Haakon vore med på det meste frå låvedans til kyrkjespel. Han har turnert med visesongaren Johannes Kleppevik, han spelar jazz og klassiske stykke og akkompagnerer like gjerne amatør som profesjonell. Folkemusikk står kanskje Haakon sitt hjarte nærast, og han har mellom anna jobba mykje med å overføre hardingfelestoff til trekkspelet.

Til dagleg arbeider Haakon med gråstein, restaurerer gamle tørrmurar og byggjer nye.

Konserten i Salhus Kyrkje går inn i ein turneplan for vår/sommar/haust 2008. SUS vil vitja kyrkjer i Bergen, Nordhordland, Voss, Hardanger, Sunnfjord og Nordfjord.

Vel møtt til konsert i Salhus Kyrkje!

Med venleg helsing

Kristine Fluge

arrangør

SUS

SUS er ei gruppe musikarar som har jobba saman musikalsk i ymse samanhengar.Foto: Paul Bernhard