Mastetoppane stikk opp av sjøen og har vore til hinder for både fritids— og fiskebåtar sidan "Lyn" gjekk ned under slep for vel 15 år sidan.

Etter at ordførar Aksel Kloster og Kvinnherad kommune i årevis og fånyttes har bede Kystverket og ulike statsrådar om hjelp til fjerning av vraket, har Friluftsrådet for Nord-Rogaland og Sunnhordland teke over saka.

Rådet vonar at Kystverket vil hjelpa til slik at iallfall mastene på vraket kan fjernast innan årets sommarsesong.