Det er Vest Tank-sjefane Trond Emblem og Jostein Berland som går til injuriesak mot Hambro.

Oppslaget Vest Tank-sjefane ikkje kan finne seg i, skriv seg frå ei utgåve av Teknisk Ukeblad i sommar. Fagbladet hadde eit lengre intervju med direktøren i Statens Forureiningstilsyn (SFT). På innhaldssida i tidsskriftet blir Hambro presentert med foto og følgjande pirrande sitat: «Jeg ble løyet opp i ansiktet».

— Tilsynet har hatt mange sleivete utspel i denne saka. Denne gongen gjekk dei rett og slett langt over streken, seier advokat Per Magne Kristiansen. Han representerer Vest Tank, selskapet som dreiv tankanlegget i Sløvåg i Gulen.

Reagerte sterkt

I sjølve artikkelen kjem det fram at løgna det er vist til, har samanheng med eksplosjonen ved Sløvåg-anlegget. Teknisk Ukeblad spør om ulukka kunne vore unngått om SFTs kontrollørar hadde hatt betre teft. Hambro blir sitert på følgjande:

«Det er vanskelig å forholde seg til en situasjon som denne, der du blir løyet opp i ansiktet.»

Advokat Kristiansen understrekar at hans klientar har reagert svært sterkt på påstanden i intervjuet:

— Dette er ikkje første gongen SFT har brukt uttrykket løgn.

Ifølgje Kristiansen finst det ikkje noko i dokumenta han har fått tilgang til som representant for «gamle» Vest Tank, som underbyggjer påstanden om løgn.

Krav dokumentasjon

Bergens Tidende har fått innsyn i fleire e-postar som har gått mellom Kristiansen og Hambro i etterkant av oppslaget i fagtidsskriftet. Vest Tank-advokaten har ved fleire høve bedt Hambro dokumentere påstanden sin.

SFT-sjefen svarar at utsegna om løgn byggjer på Vest Tanks opplysningar om at dei, då tankskipet «Probo Emu» la til kai i Gulen, berre hadde teke mot vaskevatn (slop) frå reingjering av tankane. Men i eit møte i februar informerte Økokrim om at deira etterforsking viste at skipet også hadde levert avsvovlingsavfall.

«Vi ser svært alvorlig på at Vest Tank AS hevdet ovenfor oss at det bare var vaskevann fra skipet «Probu Emu» som ble levert til Vest Tank. Vi mener at Vest Tank mottok avsvovlingsavfall uten å ha tillatelse til dette, samt at de drev avsvovlingsvirksomhet i større omfang enn SFT var informert om», skriv SFT-direktøren i sitt tilsvar.

Fann berre vaskevatn

Per Magne Kristiansen meiner forureiningstilsynet ikkje har lagt fram noko som helst dokumentasjon på at Vest Tank-toppane laug om aktiviteten på anlegget. Advokaten seier han kan dokumentere at SFT så langt ikkje har funne anna enn vaskevatn frå «Probo Emu» i Sløvåg. Samstundes legg dei paradoksalt nok i politimeldinga til grunn at dei tilsette i Vest Tank burde sett at det ikkje var slop.

— Det sentrale i denne saka er likevel at SFT ved sin direktør set på trykk at Vest Tank, forsettleg og mot betre vitande, har formidla feilinformasjon til SFT.

Underleg

— Men bør ikkje SFT ha høve til å seie kva dei meiner?

— Definitivt. Men det som blir sagt skal vere korrekt. Hadde direktøren sagt at SFT blei feilinformerte, ville ingen reagert. Det er heilt noko anna å seie at ho «ble løyet opp i ansiktet». Når du kjem med ei slik formulering, pådreg du deg ein stort grad av bevisbyrde.

— Kvar er kravet?

— Det er oppreisning. Og skulle det følgje nokre kroner med, skal vi vite å bruke dei til eit godt føremål, seier Kristiansen.

SFT-direktør Ellen Hambro seier i ein kommentar at ho finn det underleg at det blir brukt tid og krefter på dette.

— Eg kan ikkje anna enn å ta dette til etterretning. Søksmålet tek eg med stor ro.

Strand, Knut