Etter 30 års teneste skal Sea King-flåten erstattast med ti nye redningshelikopter. Innan 2010 skal heile helikopterflåten skiftast ut.

Leveransen er ein skikkeleg godbit for helikopterfabrikkane. Aircontactgruppen meiner kontakten er på minst to milliardar kroner. Men kven skal levere?

Aircontactgruppen, helikopterfabrikken Sikorsky sin norske representant, går no til sak mot staten for å sikre seg rett til å konkurrere om å få levere dei ti redningshelikoptera.

Konklusjonen hos Aircontactgruppen er at staten både bryt lov om offentlege innkjøp (anskaffelsesloven) og EØS-avtalen dersom den ikkje opnar for konkurranse om milliardleveransen.

Omstridd opsjonsavtale

Då Forsvaret i 2001 kjøpte 14 helikopter av typen NH-90 sikra staten seg også rett til å kjøpe ti nye helikopter, frå same leverandør, Nato Helicopter Industries (NHI)

Denne retten, eller opsjonsavtalen som det heiter på fagspråket, er det Sikorskyfabrikken fryktar skal bli brukt når dei nye redningshelikoptera blir kjøpt inn. Skjer det vil NH-90 frå NHI bli dei nye redningshelikoptera.

Slik vil Sikorsky og Aircontactgruppen ikkje ha det. Difor stemnar Aircontactgruppen staten ved Justisdepartementet for Oslo Tingrett.

— Vi ser oss diverre nøydd til å bruke eit så hardt verkemiddel. Det vi ønskjer å oppnå er at styresmaktene må legge leveransen ut på anbod, seier direktør Arne Gytri i Aircontactgruppen.

Ikkje lovleg

Stemninga er ført i pennen av Jan Magne Juuhl-Langseth i advokatfirmaet Schjødt.

n Juuhl-Langseth sin hovudpåstand er at det rett og slett ikkje er nokon opsjonsavtale: Staten har endra krava til dei nye redningshelikoptera så mykje at det er snakk om eit anna helikopter enn det som forsvaret kjøpte 2001. Dermed må leveransen ut på anbod.

n Dersom denne påstanden ikkje skulle føre fram har Juuhl-Langseth eit argument i bakhand, i sin subsidiære påstand:

Kjøp av redningshelikopter er ein sivil kontrakt. Slike kontraktar skal ut på anbod, og kan difor ikkje knyttast saman med ein militær kontrakt som kjøpet av dei 14 helikoptera til forsvaret var.