Inkludert renter vil erstatningskravet mot kommunen bli på rundt 250.000 kroner.

Styreformannn hjå konkurrenten

Tor Erling Nordstad hjå advokatfirmaet Vogt & Wiig AS meiner hotellet har krav på erstatning etter å ha blitt fråtatt skjenkeløyvet med røysta til ein inhabil politikar.

Det var vinteren 2000/2001 at politikarane i Gloppen kommune med knappast mogeleg fleirtal vedtok å inndra Løyvet Sandane Hotell hadde til å skjenke gjestene sine brennevin.

Men ein ting visste korkje ordførar eller rådmann. Nemleg at Høgre-politikaren som var tunga på vektskåla under avrøystinga i kommunestyret, også var styreformann i nabohotellet — argaste konkurrent for Gloppen hotell.

Ville gje erstatning

No går Gloppen Hotell til retten med saka, og totalt vil dei kreve kommunen for rundt 250.000 kroner i erstatning.

Tapet av skjenkeløyve vart i si tid innklaga til Fylkesmannen, som i sin tur oppheva vedtaket på grunn av inhabilitet. Dermed fekk hotellet spritløyvet tilbake, men meiner å ha hatt eit solid tap i perioden dei var utan skjenkerett.

Med til historia høyrer også at både rådmann og formannskap i september 2001 ville gje hotellet 150.000 kroner i erstatning, men kompensasjonen vart stoppa i kommunestyret med 19 mot 13 røyster.

Til hausten skal i staden partane møtast i staden i Nordfjord tingrett, der kommunen blir representert av advokat Stig Harris.