— Eg opplever dette som veldig vanskeleg. Det går på psyken laus, seier Prestegård.

I alt manglar gardbrukarane i Jostedalen i Sogn og Fjordane kring 50 sauer og store mengder lam. Prestegård er den som saknar flest: Ti vaksne sauer og like mange lam.

— For meg som ikkje har så stor flokk, er dette veldig mykje.

Fann sju kadaver

Prestegård har 40 vinterfora sauer, og kan altså ha tapt kvart fjerde vaksne dyr på beite. Første helga i sankinga blei det funne sju kadaver som høyrde til hennar flokk.

— Det var heilt tilfeldig at vi fann dei. Vi gjekk ein litt annan veg enn vi brukar.

Statens Naturoppsyn (SNO) har sett på kadavera. Det eine dyret er drepe av jerv, dei seks andre er for gamle til at oppsynet vil seie noko sikkert om dødsårsaka. Men mistanken går mot bjørn. Funna er gjort like ved eit område der det i sommar blei funne bjørnespor.

— Sauene mine går i eit avgrensa område. Det er enkelt å halde oppsyn med dei.

Sist Prestegård såg sauene var i slutten av juni, omtrent på same tid som bjørnen kom til dalføret.

- Vi har alle rovdyra

I Jostedalen har det vore sanking dei to siste helgane. Fleire bønder bur seg på store tap. I heile dalen er det rundt 50 søyer som ikkje er tilbake frå fjellbeite.

— Så godt som alle dyra er sakna frå flokkane som beitar frå Krundalen og nordover, altså området bjørnen oppheldt seg i sommar, seier Harald Haugen.

Han var ein av dei som var med då siste sikre spora av bjørnen blei funne i slutten av juli. Han mistenkjer at bjørnen framleis er i Jostedalen. For tre veker sidan blei det funne spor, men det er ikkje stadfesta at desse er frå bjørn.

SNO har slått fast at to av Haugen sine sauer er drepne av bjørn. I tillegg har han også hatt gaupe på besøk i saueflokken. Gaupa har forsynt seg med tre lam.

Svanhild Prestegård seier ho siste vekene har tenkt på om ho skal gje seg.

— Den dagen SNO kom for å sjå på kadavera, gjekk eg åleine oppover til området før dei kom. Det var ekkelt. Det hjelper ikkje at folk seier at bjørn ikkje er farleg for menneske, det er ei redsle som ikkje er råd å styre. Undervegs tenkte eg at skal du gje deg med sauehald no, kan du like godt snu. Men eg gjekk vidare. Eg er vel ikkje den som likar å gje meg så lett.

Oddleiv Apneseth