Ein 45 år gammal mann er sakna etter ein brann i ei rorbu i Urangsvåg på Bømlo. Brannen vart meld klokka 23.30 i går kveld.

— Då rykka politi, brannvesen og ambulanse ut samtidig. Politiet var på staden klokka 23.54, huset var då overtent. Det einaste mannskapa kunne gjera var å kontrollera brannen, seier operasjonsleiar ved Haugalandet og Sunnhordland politidistrikt, Torger Stødle, til bt.no.

Den sakna er nordmann og busett i Sandnes, men skal ha brukt mykje tid i rorbua si i Urangsvåg.

Ifølgje politiet stod 45-åringen sin bil ved rorbua.

— Det er framleis for varmt til å gå inn i den utbrende rorbua, men ho vert gjennomsøkt i løpet av dagen, seier Stødle.

FULL FYR I RORBUA: Den sakna er nordmann og busett i Sandnes. FOTO: STEIN-ERIK OVESEN, BØMLO-NYTT