Det stadfestar operasjonsleiar Stig Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt til bt.no.

— Moen vart funnen av KNM Tyr klokka 11.10, seier Hauge.

Moen var på fisketur saman med ein kamerat om kvelden 28. juli. Båten dei sat i kantra, og mennene vart kasta på sjøen. Kameraten greidde å symja til land, men mista kontakt med Moen.

Måndag kveld kom KNT Tyr til År-dalsfjorden med undervasskamera. Lensmann i Årdal, Kristen Olav Grøt-tebø, seier til NRK Sogn og Fjordane at den omkomne vart funnen på 135 meters djup, ikkje langt frå staden kameraten mista kontakt med han.